tirsdag 5. mars 2013

Isbilder

Ekte is

Her har eg plassert to isbitar oppå kvarandre, og fått Karin og Marita til å blåse røyk over dei for å skape effekten av ekstrem kulde. Isen og skyggane den lagar skapar saman med røyken interessante formar i bildet. Skyggen og jordbitane i isen har gjenklang i den mørke bakgrunnen, medan røyken bryt opp den mørke linja. 



Her har eg tatt bilete av ein tynn dam med is. Delar av den var så tynn at du knapt kan sjå den, noko som skapar ein fin varm-kald kontrast mellom jordfargen og den kalde isen. Isen hadde ein veldig fin tekstur, både i den bølgande blåsvarte isen, og dei tynnare isflaka som strålar i sola. 




Falsk is

Her har eg tatt bilete av eit oppkrølla papir lagt oppå ein lampe. Eg brukte automatic colour, contrast og tone for å fikse på fargene, og gaussian blur på bakgrunnen for å skjule veggens tekstur. Eg ville gjerne ha redigert bakgrunnen meir som ein himmel, men fant ikkje noko som ville passe til lyskontrastane og fargane på "isen", og eg fann derfor ut at ein difus bakgrunn ville vere meir overbevisande.




Dette biletet er også papir på ein lampe, men her har eg brukt effekten plastic wrap for å gi inntrykk av ei blankare overflate. For å skape den isblå fargen la eg eit blått lag under og brukte opacity effekten luminosity. 



Denne collagen er ei blanding av tre bilder. Eit av grastustar som kikkar opp frå snøen, eit av papir, og eit av samankrølla plast. Eg har lagt desse oppå kvarandre i lag, og brukt opacity effektane overlay og luminosity. Eg prøvde ikkje å lage ein isbre, men å få fram dei spennande teksturane i bileta. Eg likar dybden i biletet, med ei slags skål-form rundt graset, og det flytande utrykket i plastfolien. Eg kan også sjå ein likskap til ei krystallskål i plastfolien.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar