fredag 15. mars 2013

Iscenesetting

Til venstre er bildet eg har iscenesatt, og til høgre er resultatet. Eg ville få fram det innelukka, beskyttande utrykket. I originalteikninga har dette ein kontrastvirkning med den tigeraktige katten som virkar truande. Dette var vanskelig å få til, så eg valgte i staden å forsterke det sårbare ved å bruke ein kosebamse. Teikninga er ein fashion illustration, og for å passe til dette er eg tungt sminka. 


Eg er ikkje heilt nøgd med dette bildet, då det er mange småting eg meiner eg kunne gjort bedre. Eg har havna ein stad mellom å kopiere stillinga frå originalbildet og å få fram stemninga, noko som gjer at eg ikkje heilt klarar nokon av delane. Det er mykje eg kunna ha fiksa på i ettertid, men det var ei interessant øvelse som eg har lært mykje av.

tirsdag 5. mars 2013

Linosnitt


Portrett:


Redigert med stamp:



Arbeidsprosess:





Ferdig resultat: 


Eg er ganske nøgd med resultatet, sjølv om nokre detaljar forsvann etter kvart. Komposisjonen er spennande, med halsen som ein avlang form opp til det runde fjeset. Eg likar måten håret forsvinn i det svarte, men hovudet blir definert av stripene i taket. Mønsteret på gensaren gir også ein spennande effekt.

Isbilder

Ekte is

Her har eg plassert to isbitar oppå kvarandre, og fått Karin og Marita til å blåse røyk over dei for å skape effekten av ekstrem kulde. Isen og skyggane den lagar skapar saman med røyken interessante formar i bildet. Skyggen og jordbitane i isen har gjenklang i den mørke bakgrunnen, medan røyken bryt opp den mørke linja. 



Her har eg tatt bilete av ein tynn dam med is. Delar av den var så tynn at du knapt kan sjå den, noko som skapar ein fin varm-kald kontrast mellom jordfargen og den kalde isen. Isen hadde ein veldig fin tekstur, både i den bølgande blåsvarte isen, og dei tynnare isflaka som strålar i sola. 




Falsk is

Her har eg tatt bilete av eit oppkrølla papir lagt oppå ein lampe. Eg brukte automatic colour, contrast og tone for å fikse på fargene, og gaussian blur på bakgrunnen for å skjule veggens tekstur. Eg ville gjerne ha redigert bakgrunnen meir som ein himmel, men fant ikkje noko som ville passe til lyskontrastane og fargane på "isen", og eg fann derfor ut at ein difus bakgrunn ville vere meir overbevisande.




Dette biletet er også papir på ein lampe, men her har eg brukt effekten plastic wrap for å gi inntrykk av ei blankare overflate. For å skape den isblå fargen la eg eit blått lag under og brukte opacity effekten luminosity. 



Denne collagen er ei blanding av tre bilder. Eit av grastustar som kikkar opp frå snøen, eit av papir, og eit av samankrølla plast. Eg har lagt desse oppå kvarandre i lag, og brukt opacity effektane overlay og luminosity. Eg prøvde ikkje å lage ein isbre, men å få fram dei spennande teksturane i bileta. Eg likar dybden i biletet, med ei slags skål-form rundt graset, og det flytande utrykket i plastfolien. Eg kan også sjå ein likskap til ei krystallskål i plastfolien.


5 beste bilete




Denne collagen gir ein litt melankolsk, men trygg følelse. Dei svake fargetonane gir det eit gammalt utrykk, og teksturen i bakgrunnen saman med dei brukte støvlane får det til å sjå litt slitt ut. Livredningsbøyen er eit symbol på trygghet, og skiltet "velkommen til oss" i ein hjerteform gir også varme assosiajonar. For meg personlig er alle desse bileta ting eg kjennar att på vegen heim, og dei gir meg derfor den særegne følelsen av å kome heim. 
Livredningsbøyen er i det gyldne snitt, og har ein rolig bakgrunn i ein sirkel rundt seg. Rundt dette igjen er ein mørk strandkant, skiltet og skoa. Dette gir den rette følelsen av ro og trygghet kombinert med dei mange minna som pressar på når ein vandrar i heimbygda. 


                                  

Eg likar denne collagen fordi den får fram den kalde vinterstemninga på ein god måte. Komposisjonen i biletet gjer meg ein følelse av lykke og gode vinterminner. Det verkar som om jenta som kaster snøen i lufta tenker tilbake på ein vinterdag i barndommen. Reint kompositorisk sett er biletet også godt, jenta i forgrunnen ligg i det gylne snitt. Den snødekka bakken, og himmelen i liknande farge i lagar ei S-linje innover, som vekker interesse. I tillegg skapar fjellet i bakgrunnen og armane i forgrunnen  fine diagonalar.




Her har eg tatt eit bilete av ein herlig dessert. Eg har valgt å framheve dei friske jordbæra og isen ved å gjere resten av biletet svart/kvitt. Desse sterke fargane gir gode kontrastar til bakgrunnen og gjer at desserten ser fristande ut. Pannekaka skapar gode diagonaler i tillegg til at dei venstre hjørna ligger i det gylne snitt og er med på å skape ein god og interessant komposisjon i biletet. Biletet inneheld trekanta, firkanta og runde formar, noko som gir eit spennande utrykk.




Dette biletet likar eg fordi det har ein rolig stemning, samtidig som diagonalane mellom båten og holmen skapar spenning, saman med skyene. Alt speilar seg i den blanke sjøen, noko som gir biletet ein interessant effekt. Den mørke holmen er ein fin kontrast mot det blågrå som ligg i både bakgrunn og forgrunn, og går berre delvis inn i biletet for å ikkje dele det i to.




Dette biletet er svært sommarlig. Dagens siste solstrålar over ei eng med smørblomst er noko som gir alle assosiasjonar til sommaren. Sola ligg i det gyldne snitt, og sender ut diagonale strålar. Skyggane i graset og åsen sola går ned bak er også diagonalar, noko som gir følelsen av at heile bildet strålar ut frå fokusponktet. Solstrålane skapar eit fint bindeledd mellom den lyse himmelen, det grøne graset og den mårke åsen. Dette gjer at åsen og skogen i mellomgrunnen ikkje delar opp biletet. 

Hans Jørgen Brun


Dag Solstad

Bruce Barnbaum

Ahmad Jamal