tirsdag 5. mars 2013

5 beste bilete




Denne collagen gir ein litt melankolsk, men trygg følelse. Dei svake fargetonane gir det eit gammalt utrykk, og teksturen i bakgrunnen saman med dei brukte støvlane får det til å sjå litt slitt ut. Livredningsbøyen er eit symbol på trygghet, og skiltet "velkommen til oss" i ein hjerteform gir også varme assosiajonar. For meg personlig er alle desse bileta ting eg kjennar att på vegen heim, og dei gir meg derfor den særegne følelsen av å kome heim. 
Livredningsbøyen er i det gyldne snitt, og har ein rolig bakgrunn i ein sirkel rundt seg. Rundt dette igjen er ein mørk strandkant, skiltet og skoa. Dette gir den rette følelsen av ro og trygghet kombinert med dei mange minna som pressar på når ein vandrar i heimbygda. 


                                  

Eg likar denne collagen fordi den får fram den kalde vinterstemninga på ein god måte. Komposisjonen i biletet gjer meg ein følelse av lykke og gode vinterminner. Det verkar som om jenta som kaster snøen i lufta tenker tilbake på ein vinterdag i barndommen. Reint kompositorisk sett er biletet også godt, jenta i forgrunnen ligg i det gylne snitt. Den snødekka bakken, og himmelen i liknande farge i lagar ei S-linje innover, som vekker interesse. I tillegg skapar fjellet i bakgrunnen og armane i forgrunnen  fine diagonalar.




Her har eg tatt eit bilete av ein herlig dessert. Eg har valgt å framheve dei friske jordbæra og isen ved å gjere resten av biletet svart/kvitt. Desse sterke fargane gir gode kontrastar til bakgrunnen og gjer at desserten ser fristande ut. Pannekaka skapar gode diagonaler i tillegg til at dei venstre hjørna ligger i det gylne snitt og er med på å skape ein god og interessant komposisjon i biletet. Biletet inneheld trekanta, firkanta og runde formar, noko som gir eit spennande utrykk.




Dette biletet likar eg fordi det har ein rolig stemning, samtidig som diagonalane mellom båten og holmen skapar spenning, saman med skyene. Alt speilar seg i den blanke sjøen, noko som gir biletet ein interessant effekt. Den mørke holmen er ein fin kontrast mot det blågrå som ligg i både bakgrunn og forgrunn, og går berre delvis inn i biletet for å ikkje dele det i to.




Dette biletet er svært sommarlig. Dagens siste solstrålar over ei eng med smørblomst er noko som gir alle assosiasjonar til sommaren. Sola ligg i det gyldne snitt, og sender ut diagonale strålar. Skyggane i graset og åsen sola går ned bak er også diagonalar, noko som gir følelsen av at heile bildet strålar ut frå fokusponktet. Solstrålane skapar eit fint bindeledd mellom den lyse himmelen, det grøne graset og den mårke åsen. Dette gjer at åsen og skogen i mellomgrunnen ikkje delar opp biletet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar